Nikolaj Dahl
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nikolaj Dahl | |
![]() | |
Fødd | 17. juli 1860 Kherson |
---|---|
Død | 1939 Beirut |
Nasjonalitet | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Yrke | nevrolog, psykiater, komponist |
Alma mater | Medical Faculty of Moscow University |
Nikolaj Vladimirovitsj Dahl (17. juli 1860–1939) var ein russisk lækjar.
Dahl er best kjend for å ha behandla komponisten Sergej Rakhmaninov for ei skrivesperre etter at den første symfonien fekk knusande kritikk. Frå januar 1900 behandla Dahl Rakhmaninov kvar einaste dag i tre månader. Metoden var hypnose og komponisten blei frisk igjen. Rett etter skreiv han sin andre klaverkonsert som han dediserte lækjaren sin.
Dahl skal ha emigrert frå Russland i 1925 og døydde i Beirut i 1939.
I programhefte frå Oslo-Filharmonien i 1999 og 2001 blei det hevda at Dahl var norsk, men det er seinare tilbakevist i ein artikkel i Tidsskrift for Den norske lægeforening.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Rakhmaninov og doktor Dahl – ønsketenkning og nasjonal selvhevdelse», Tidsskrift for Den norske legeforening (på norsk), henta 5. mars 2019
- Denne artikkelen er basert på «Nikolai Dahl» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2011.