Nikolaj Gusakov
Nikolaj Gusakov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 14. mai 1934 Petrozavodsk |
Død | 14. desember 1991 (57 år) St. Petersburg |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1956, Nordic combined at the 1960 Winter Olympics |
Nikolaj Nikolajevitsj Gusakov (14. mai 1934–14. desember 1991) var ein sovjetisk kombinertrennar frå Petrozavodsk som vann bronsemedaljen i kombinert under vinterolympiaden i Squaw Valley. Han var den fyrste sovjetiske utøvaren som vann ein olympisk medalje i kombinert, og den fyrste sovjet-russaren som vann kombinertøvinga Holmenkollrenna.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Gusakov vart nummer sju i sin meisterskapsdebut under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Året etter vart han nummer fire i Lahti-spelen, medan han same staden kom på åttandeplass då ski-VM gjekk av stabelen vinteren 1958.
Under olympiaden i Squaw Valley i 1960 fekk Gusakov bronsemedaljen, tyske Georg Thoma vart olympisk meister og norske Tormod Knutsen tok sølvet. Året etter vann Gusakov kombinertrennet i Holmenkollen, fire poeng framom Ole Henrik Fagerås på andreplass, med Tormod Knutsen hakk i hæl. I 1964 vart Gusakov nummer fire i kombinert under vinterleikane i Innsbruck.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Nikolaj Gusakov – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Einskildmenn
- Fødde i 1934
- Døde i 1991
- Sovjetiske kombinertløparar
- Russiske kombinertløparar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956
- Kombinertløparar under vinter-OL 1956
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960
- Kombinertløparar under vinter-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964
- Kombinertløparar under vinter-OL 1964