Nikolaj Kamenskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Kamenskij


Fødenamn Николай Андреевич Каменский
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 17. oktober 1931
Moskva
Død

21. juli 2017 (85 år)
Moskva

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1960

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Nikolaj Andrejevitsj Kamenskij (17. oktober 193121. juli 2017) var ein sovjetisk skihoppar aktiv på 1950-talet og tidleg i 1960-åra. Han vann sølvmedaljen i storbakkerennet under Ski-VM 1962 og den tysk-austerrikske hoppveka 1955/56.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1956 vann Kamenskij den tysk-austerrikske hoppveka, utan å kome på pallen i eit einaste renn. Noko av forklaringa var at dei sterke finske hopparane, som hadde vunne dobbeltsigrar i renna i Tyskland, reiste heim og ikkje deltok i renna i Austerrike. Også året etter reiste Kamenskij til hoppveka, han vann då rennet i Garmisch-Partenkirchen og fekk elles to andreplassar. Men sidan han ikkje deltok i opningsrennet i Oberstdorf, hamna han langt nede på samanlagtlista. I den neste hoppveka, 1957/58, vart han nummer tre. Kamenskij vann då opningsrennet i Oberstdorf og fekk ein andreplass i Innsbruck. Med 859,2 poeng var han knapt seks poeng bak hoppvekevinnaren, Helmut Recknagel frå Aust-Tyskland.

Under Ski-VM 1958 i Lahti hamna Kamenskij på ein tredelt niandeplass, mellom anna saman med landsmannen Nikolaj Sjamov. Kamenskij deltok fyrste gongen i Holmenkollen i 1958 og gjekk heilt til topps, med 218 pong var han 1,5 poeng framom Helmut Recknagel. I 1959-sesongen vart Kamenskij nummer fem i den tysk-austerrikske hoppveka og han var nær ved å kopiere triumfen i Holmenkollen, men kom på delt andreplass, eitt poeng bak vinnaren, Arne Hoel.

Kamenskij vart nummer i det spesielle hopprennet under vinterleikane i Squaw Valley i 1960. I 1961-sesongen vart han nummer tre i hopprennet i Holmenkollen og nr fire i Falun. Han deltok åra 1961 til -63 i den tysk-austerrikske hoppveka, med ein femteplass i Garmisch-Partenkirchen i 1961 som beste enkeltresultat og ein ellevteplass i 1961/62 som beste samanlagtplassering.

Under verdsmeisterskapen i Zakopane i 1962 vart Kamenskij nummer åtte i normalbakken. I storbakken var han sjanselaus mot vinnaren, verdsmeisteren Helmut Recknagel, men slo Niilo Halonen frå Finland med knappe to poeng og vann sølvmedaljen.

I 1964 deltok Kamenskij i sitt siste internasjonale meisterskap, og vart nummer 24 i normalbakken under OL i Innsbruck.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]