Nikolaj Leskov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valentin Serov: Nikolaj Leskov, 1894

Nikolaj Semjonovitsj Leskov (russisk: Николай Семёнович Лесков; i samtida også kjend under psevdonymet Stebnitskij), (16. februar 18315. mars 1895), var ein russisk forfattar og journalist som levde og skreiv under det som har vorte kalla den russiske prosaen sin gullalder. Han er av mange, der i mellom Maksim Gorkij, rekna for å vere «den mest russiske av alle russiske forfattarar».

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Leskov vart fødd i 1831 i Gorkovo i Orjol i det sørvestlege Midt-Russland. Faren døydde i 1846, og straks etter vart familien ruinert grunna brann. Han arbeidde då dei neste åra som funksjonær ved domstolen i heimbyen. I 1852 flytta han til Kiev, der han fekk stilling i firmaet Scott & Wilkins. I arbeidet reiste han vide i ulike delar av Russland. Slik vart han kjend med det store landet, ein kunnskap han seinare nytta i si skriving. År 1860 flytta han til Moskva og byrja arbeide i tidsskriftet Russkaja Retsj (Det russiske språk). Året etter, i januar 1861, flytta han til St. Petersburg og budde der livet ut.

Allereie frå han fekk publisert sine fyrste artiklar vart Leskov angripen for å vere reaksjonær og konservativ. Han var heller lite konservativ, var i staden ein sterk samfunnskritikar utan å verte revolusjonær. Snarare var han ein slags liberalar som støtta reformene til Aleksander II. Gjennom artiklane sine påtala han den store sosiale ulikskapen i samfunnet. Opinionen i St. Petersburg var polarisert etter den polske oppstanden i 1863. Ein tredje veg kom i skvis, noko som pressa dei liberale til å velje side mellom dei revolusjonære og dei slavofile konservative. Leskov distanserte seg frå begge.

Leskov vart med åra skeptisk til den organiserte kristendommen og sette samstundes individuell fridom høgt. Å blindt akseptere den ortodokse tru var han sterkt imot. Han rekna med at ein god kristen måtte til ei viss grad framstå som «kjettar», ein måtte fremje si personlege overtyding, også om dette skulle gå mot autoritetane.

Interessa hans for det religiøse auka på dei siste elleve åra av livet hans. I tillegg til påverknad frå dei protestantiske rørslene og frå Leo Tolstoj, fann Leskov stor inspirasjon hos kyrkjefedrane for oldkyrkja, særleg frå Origenes og Isak Syraren.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Leskovs skreiv nokre artiklar som vart trykt i magasin i Moskva, før han bestemte seg for å verte forfattar. Hans første prosaverk, novella ”Pogassjeje delo” (Ei avvist sak), kom i 1862. Etter nokre noveller og kortromanar gav han i 1864 ut sin første lengre roman, Nekuda (Ingen utveg). Alt i alt skreiv Leskov fire romanar, alle tidleg i forfattarskapen. I samtida fekk dei til dels stor merksemd, men er lite påakta i dag.

Leskovs kanskje mest kjende verk, kortromanen Ledi Makbet Mtsenskogo Uezda (Lady Macbeth frå Mtsensk) kom ut i 1865. Den handlar om ei utru kvinne som tek livet av svigerfaren, ektemannen og ein ung gut, for å vere saman med elskaren sin. Dimitrij Sjostakovitsj laga i 1934 ein opera over romanteksten. Dei to kortromanane som i ettertid har vorte rekna som dei fremste i Leskovs dikting; Zapetsjatlennyj Angel (Den forsegla engelen), og Otsjarovannyj Strannik (Den fortrylla vandringsmann), vart gitt ut i 1873.

Frå 1879 byrja Leskov å gje ut forteljingar om «rettferdige menn», (pravedniki). Gjennom litteraturen ynskte han å vise positive, russiske ideal til etterfylgjing. Den fyrste forteljinga, Odnodum (Den einspora) handlar om ein einfaldig, bibeltru politimann som nektar å ta imot muter, og om problema dette skaper for dei andre embetsmennene i byen, guvernøren og presten, som har eit langt meir pragmatisk forhold til bibel og lovbok. Verket som kanskje flest russarar knyter til namnet Leskov, er novella Levsja (Den venstrehendte) frå 1881. Det handlar om ein smed frå Tula som viser at den russiske smikunsten er betre enn den engelske, gjennom å lage skotøy til ei bittelita metalloppe englendarane allereie har gitt tsaren i gåve. Langnovella Tsjelovek na tsjasakh (Vaktmannen) frå 1889 framhevar ansvaret for nesten som viktigare enn eit generelt samfunnsansvar. Ein vaktmann forlet sin post ved Vinterpalasset for å redde eit menneske frå drukningsdøden. Han vert straffa for tenesteforsøming, men det er opplagt at forfattaren ikkje deler domstolen si vurdering.

Jamsides arbeidet med dei didaktiske novellene auka interessa hans for kristendommen. Han sa sjølv at han ynskte å skildre den rette kristendom og det ideelle kristne samfunn, ein intensjon han kombinerte med kritikk av det beståande. Dei seinare verka hans har eit sterkare religiøst preg enn hans tidlege, og han byrja publisere didaktiske fablar. Den mest kjende av desse er Khristos v gostjakh u muzjika (Kristus på besøk hos ein muzjik) frå 1881. Sujettet i denne forteljinga var Leskovs eige. Dei fleste andre verka han publiserte i denne sjangeren var derimot attforteljingar av mellomaldertekstar og tekstar frå den kristne antikken.

Leskovs meisterskap framstår i ordkunsten og forteljarkunsten. Verka hans er eit lappeteppe av ymse stilar, ulike dialektar og omfattande bruk av kyrkjeslaviske seiemåtar. Men Leskovs språkkunst har også ekskludert tekstene hans frå mange lesarar, også i Russland. Sjølv sette Leskov Tolstojs enklare stil høgt, og hevda at hans eigen stil grunna i manglande talent. Leskovs særeigne stil har vore vanskeleg å gjengi på andre språk.

Han døydde i St. Petersburg i 1895.

Verk av Leskov på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Dolinskijs liv, 1948, Aschehoug
  • Den fortryllede vandringsmannen, 1959, Dreyer
  • Den forseglede engelen, 1965, Fabritius
  • Lady Macbeth fra Mtsensk, 1979, Solum
  • Kjærlighet i bastsko: en bondefortelling, 1998, Solum

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Egeberg, Erik. «Nikolaj Leskov - "ordets trollmann"» I: Bokvennen, nr 4 (2004)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]