Nikolaj Tsjernysjevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Tsjernysjevskij

Fødenamn Николай Гаврилович Чернышевский
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 12. juli 1828
Saratov
Død

17. oktober 1889 (61 år)
Saratov

Yrke filosof, journalist, romanforfattar, skribent, litteraturkritikar, samfunnsøkonom, kommentator
Religion ateisme
Born Aleksandr Nikolajevitsj Tsjernysjevskij
Signatur
Nikolaj Tsjernysjevskij på Commons

Nikolaj Gavrilovitsj Tsjernysjevskij (24. juli 182829. oktober 1889) var ein russisk forfattar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Tjernysjevskij var fødd i Saratov. Han studerte ved St. Petersburg universitet, der han i 1855 skreiv ei magisteravhandling om Kunstens estetiske forhold til røyndomen, eit arbeid som vart forbode av undervisningsministeren Avraam Norov. Åra 1855-57 fekk han i tidsskriftet Sovremennik publisert nokre skarpsindige studiar om den Pusjkin-Gogolske perioden i russisk litteratur.

Snart gjekk Tsjernysjevskij over til å skrive om politiske og økonomiske emne, påverka av John Stuart Mill sine idear. Kort etter at liveigenskapen vart oppheva i 1861 vart Sovremennik forbode. Samstundes vart Tjernysjevskij innesperra i Peter-Paulfestninga, der han sat fengsla i to år (1862-64). Trass mangel på prov på at han hadde brote noko lov, vart han dømd og forvist til Sibir. Fyrst i 1883 fekk han løyve til å vende vestover att, til Astrakhan. Dei siste åra av livet var han oppteken med å omsetje Georg Weber si verdshistorie. År 1889, siste leveåret, fekk han flytte til fødebyen.

Fyrst etter Tjernysjevskijs død kunne dei trykte skriftene hans publiserast på ny, med visse unnatak. Mellom hans beste litteraturkritiske arbeid høyrer studiane om Lev Tolstojs Barndomen og Ungdomen, og krigsstubbane frå Krim og Kaukasus. Allereie under fengselstida i St. Petersburg skreiv han den utopiske samfunns- og ekteskapsromanen Sjto djelat? (Kva bør gjerast?, 1885). Romanen hadde stor innverknad på den revolusjonære studentrørsla, trass i den godlynte, tildels harmlause tonen. Verket var fram til 1900 strengt forbode. Tjernysjevskijs Samla skrifter kom ut 1905-06 i ti band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]