Nikolas Arnesson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolas Arnesson
Fødd 1150-åra
Død

7. november 1225
Oslo

Yrke katolsk prest

Nikolas Arnesson (fødd ca. 1150, død 1225) var ein norsk geistleg og politikar som levde under borgarkrigstida i Noreg. Nikolas var fyrst blant dei fremste mennene i den gruppa som i moderne tid er kalla lendmannspartiet, og i 1196 var han ein av grunnleggjarane av baglarane. Nikolas var biskop i Oslo bispedømme frå 1190.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nikolas var son av den norske lendmannen Arne på Stårheim i Nordfjord. Mora var Ingerid Ragnvaldsdotter, som var enke etter den norske kongen Harald Gille. Nikolas var dermed ein yngre halvbror av kong Inge Krokrygg. Inge døydde i 1161, då Nikolas enno var gut, og tilhengarane til Inge tok Magnus Erlingsson til konge. Som vaksen støtta Nikolas kong Magnus i kampane mot birkebeinarane og Sverre Sigurdsson. Nikolas var leiar for ei avdeling av hæren til Magnus Erlingsson under slaget på Ilevollene i 1180. Kong Magnus døydde i slaget ved Fimreite i 1184, og etter det trekte Nikolas seg tilbake frå krigarverksemda. Han heldt likevel fram med å vera politikar, sjølv om han no i hovudsak jobba for kyrkja.

Biskop og baglar[endre | endre wikiteksten]

Nikolas vart valt til biskop i Stavanger bispedømme i 1189, men kong Sverre, som då var einekonge, motsette seg valet fordi Nikolas tidlegare hadde støtta Magnus mot Sverre. Året etter samtykka Sverre likevel til at Nikolas i staden skulle verte biskop i Oslo. Nikolas måtte avfinne seg med Sverres kongedøme, og var med på kroninga av kongen i 1194.

I 1196 drog Nikolas til Danmark, der den landflyktige erkebiskopen Eirik Ivarsson opphaldt seg. Her grunnla Nikolas og Eirik baglarane, ei gruppe med motstandarar av kong Sverre. Gruppa tiltrekte seg både geistlege, som var misfornøgde med Sverres kyrkjelege politikk, og verdslege stormenn, i hovudsak tidlegare tilhengarar av kong Magnus Erlingsson, og innbyggarane i Vika. Baglarane sette Inge Magnusson, som gjekk for å vera ein utanomekteskapeleg son av Magnus Erlingsson, som kongsemne, men det var Nikolas som var både militær og åndeleg leiar for baglarane. Under leiinga til Nikolas gav baglarane kong Sverre og birkebeinarane stor motstand, men etter eit nederlag i 1199 måtte Nikolas forlate landet igjen.

Kong Sverre døydde i 1202, og sonen hans, Håkon Sverresson, forlika seg med Nikolas og dei andre biskopane. Men då Håkon døydde under to år seinare, og konfliken blussa opp igjen. Nikolas budde truleg i Danmark i åra mellom 1199 og 1202, og han hadde god kontakt med den danske kongen Valdemar Seier. Nikolas freista med Valdemars hjelp å få valt systersonen Filippus Simonsson til konge for baglarane i 1204, men dei fleste krigarane og bøndene ville i staden ha Erling Steinvegg til konge. Då Erling døydde i 1207, fekk Nikolas Filippus valt til baglarkonge. Ved Kvitsøyforliket, eit forlik som vart inngått mellom baglarane og birkebeinarane på Kvitsøy i 1208, bidrog Nikolas til semje mellom partene.

I 1217 la baglarane ned flokken og gav seg under kong Håkon Håkonsson, Sverres soneson. Nikolas vart likevel aldri ein heilt lojal støttespelar for kong Håkon, og vart mistenkt for å støtte ribbungane, ei austlandsk gruppe som gjorde motstand mot kong Håkon.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Nikolas Arnesson var ein av kong Sverres sterkaste motstandarar, og ein viktig person i norsk politikk i fleire tiår.

I Sverres saga vert Nikolas framstilt som skurken i historia. Sagaforfattaren skildrar han på ein lite flatterande måte, og skriv at at Nikolas hadde «hjerte som en hare og forstand som en ræv».[1] Sagaen kan ha freista å latterleggjere Nikolas fordi han var ei mektig og farleg fiende.[2]

Sturla Tordsson, forfattar av Håkon Håkonssons saga, er litt meir sakleg, og skriv at Nikolas var ein klok mann av god ætt, men at han òg var lite ven med birkebeinarane.[3]

Den negative framstillinga av Nikolas kjem òg fram i nyare framstillingar, som skodespelet Kongsemnerne (1863) av Henrik Ibsen.

Den negative framstillinga av Nikolas hjå dei ulike sogene er klart partiske med Nikolas' motstandarar og kan difor ikkje reknast som objektiv. Nikolas framstår som ein aktiv kyrkjeorganisator. Truleg er det han som innførte prosti-ordninga i Oslo bispedøme, og han verkar å ha satt i gang bygginga av bispeborga i Oslo som det framleis finst rester av i Gamlebyen i Oslo.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sverres soga, kap. 133
  2. Bagge (1993): 8-9
  3. Håkon Håkonssons saga, kap 138
  4. Salvesen, Helge & Norseng, Per G.. (2015, 1. juli). Nikolas Arnesson. I Store norske leksikon. Henta 30. juli 2017.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]