Nikolaus August Otto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolaus August Otto
Nicolaus-August-Otto.jpg
Fødd 10. juni 1832
Holzhausen an der Haide
Død

26. januar 1891
Köln

Yrke ingeniør, oppfinnar
Nikolaus August Otto på Commons

Nikolaus August Otto (10. juni 183226. januar 1891) var ein sjølvlært tysk oppfinnar. Han vart kjent for å ha funne opp firetaktsmotoren, sjølv om Christian Reithmann hadde demonstrert ein fungerande firetaktsmotor fire år tidlegare. Men Otto var truleg ikkje klar over arbeidet til Reithmann, då han tok til med utviklinga av motoren sin. Otto er òg kjent for, saman med Eugen Langen, å ha starta industriell produksjon av motorar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Frimerke med Nikolaus August Otto.

Otto var son til ein gardbrukar, som òg var tilsett som postopnar i bygda. Han gjekk i kjøpmannslære og arbeidde som diskenspringar, i Frankfurt am Main og i Köln, for å livnæra seg. Han var gift med Anna Gossi, som han hadde sju born saman med. Ein av sønene hans, Gustav Otto, vart flykonstruktør.

Oppfinningar[endre | endre wikiteksten]

Gassmotor frå 1876.

Då han i 1862 tok han til å eksperimentera med motorar bygde han på erfaringane til Jean-Joseph Étienne Lenoir‎. Denne motoren hadde ein vertikal sylinder og i staden for veivaksel hadde han ei tannstong som var i inngrep med eit tannhjul festa på¨svinghjulet med ei frikopling [1]. Denne motoren var ei vidareutvikling av motoren til Lenoir og som i motoren til Lenoir vart ikkje luft-gassblandinga komprimert før ho vart antent. Forbetringa i høve til lenoirmotoren låg i ein betre utblåsing av eksosen, før sylinderen vart fylt med ei ny luft-gassblanding. Effekten var på rundt 2 hk. I 1864 stifta han, saman med Eugen Langen, motorfabrikken N.A. Otto Cie. I 1869 stifta han Gasmotorenfabrik Deutz & Co., som i dag er Deutz AG.

I 1876 klarte Otto, saman med Eugen Langen å bygga ein firetaktsmotor. Denne motoren komprimerte luft-gassblandinga i sylinderen før ho vart antent og hadde difor mykje større virkningsgrad enn dei tidlegare motorane til Lenoir og Otto. I 1877 fekk Otto patent på firtaktsmotoren.

Det var fyrst etter at Otto og Langen starta produksjon at motorar med intern forbrenning at forbrenningsmotorar fekk praktisk betydning. Firetaktsprinsippet vart seinare nytta både for forgassarmotorar og innsprøytingsmotorar og heilt frå starten har dei fleste bilar vore utstyrte med firetaktsmotorar.

Patentkrangel og rettssak[endre | endre wikiteksten]

I 1884 vart det oppdaga at Christian Reithmann alt i 1873 hadde demonstrert ein fungerande firetaktsmotoren. Patentet til Otto var teke ut i namnet til Gasmotorenfabrik Deutz AG, så Deutz hadde store økonomiske interesser i patentet og det enda med ei rettssak, som varte heilt til 1894, sjølv om Otto døydde i 1891. Arbeidet til Alphonse Eugène Beau vart òg trekt inn i rettssaka. Deutz tapte rettssaka og retten oppheva patentert til Deutz.

Det er ikkje kjent om Otto hadde kjennskap til arbeidet til Reithmann og Beau då han søkte om patent, men truleg hadde han ikkje det. Men Deutz betalte Reithmann 25 000 goldmark, pluss lønn på livstid, for ei skriftleg erklæring om at det var Otto som fann opp firetaktsmotoren. Deutz klarte å halda avtalen hemmeleg heilt til 1949, då han vart avslørt i ei bok om Otto [2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
  2. Langen, A., Nicolaus August Otto – der Schöpfer der Verbrennungsmotors, 1949.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]