Nikon Z7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikon Z 7 utan montert objektiv

Nikon Z7 er eit fullformat spegellaust systemkamera laga av Nikon. Det vart lansert 23. august 2018 i lag med Nikon Z6 og er det fyrste spegellause fullformatskameraet frå Nikon. Det er òg det fyrste kameraet med Nikon Z-objektivfestet.[1][2]

Kameraet har ei CMOS-biletbrikke med ei oppløysing på 45,7 megapikslar og kan ta video med 4K-oppløysing.[2] Biletbrikka er stabilisert, som den fyrste i eit systemkamera frå Nikon.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nikon mirrorless Z7 and Z6 full-frame cameras launch». BBC. 23. august 2018. Henta 23. desember 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Nikon Z7 Review». DPReview. 5. november 2018. Henta 23. desember 2019. 
  3. «Nikon's Z7 mirrorless camera has full-frame 45MP sensor, in-body image stabilization and hybrid AF». DPReview. 23. august 2018. Henta 23. desember 2019. 
Spire Denne kameraartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.