Nilgau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nilgau
Boselaphus tragocamelus1.jpg
Nilgau-hann
Boselaphus tragocamelus-no watermark.jpg
Ho med kalv
Vitskapleg namn
Boselaphus tragocamelus
Utbreiing
Status i verda: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Bovidae
Bovinae
Slekt: Boselaphus
B. tragocamelus

Nilgau (Boselaphus tragocamelus), også kalla nilgauantilope, nilghai eller blåokse, er ein partåa klauvdyrart i oksefamilien. Dyra kan minna om hestar eller storfe, og blir om lag så store som dei. Nilgau høyrer tradisjonelt til i Sør-Asia, og er den største antilopearten i India.

Pelsen er strihåra. Hannar har blågrå til jerngrå pels medan hoer og ungdyr er gulbrune. Dei har kvit teikning på kodar, kinn og øyre. Dei har mørk man på nakken og ein dusk av svarte hår på halsen. Kroppslengda er rundt 200 cm og skulderhøgda 130–140 cm hjå hannar. Halen er 45–50 cm. Vekta til hannar er opptil 270 kg medan den hjå hoer er 120 kg. Berre hannane har horn som er glatte og kjølforma. Dei er 15–20 cm lange og peiker litt bakover.

Nilgauar lever i små grupper på 4–10 dyr i glissent tredekt terreng. Dei finst på størsteparten av den indiske halvøya, frå foten av Himalaya til sør i India. Mange stader i leveområdet blir antilopen rekna som heilag. Det finst også ein stor bestand i Texas i USA, der arten blei innført på 1930-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Boselaphus tragocamelusIUCN:s rödlista, auktor: Mallon, D.P. (2008), besökt 31 januari 2009.