Nils-Aslak Valkeapää

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils-Aslak Valkeapää

Statsborgarskap Finland, Noreg
Fødd 23. mars 1943
Enontekiö
Død

26. november 2001 (58 år)
Esbo

Yrke lyrikar, kunstmålar, songar, lærar, journalist, komponist, plateartist, skribent, musikar
Språk nordsamisk
Medlem av Áillohaččat
Nils-Aslak Valkeapää på Commons

Nils-Aslak Valkeapää (23. mars 194327. november 2001) var ein samisk kunstnar, musikar og forfattar med finsk og seinare norsk statsborgarskap. Han budde i Käsivarsi i Finland og i Skibotn i Noreg.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Nils-Aslak Valkeapää var fødd i ein reindriftsfamilie i Enontekiö. Han var utdanna lærar, men verka aldri i yrket. Ifølgje han sjølv dreiv han ikkje med rein fordi han ikkje kunne drepa. Han nekta også å ta del i forfinskinga drive av skuleverket som lærar.[1]

Utgangspunktet for kunsten hans var ofte joik, og det var også som joikar han starta det mangesidige kunstnarlivet sitt. I 1968 gav han ut Joikuja, ei plate med joik med og utan akkompagnement.[1] I 1971 gav han ut Terveisiä Lapista (Helsing frå Sameland), ein pamflett som kan oppfattast som «et opprørsskrift mot kolonisering og overgrep, men også som en veiviser til samisk kreativitet.»[1]

Han var òg biletkunstnar og han komponerte musikk, mellom anna musikken til filmen Ofelaš (norsk tittel Veiviseren), der Nils-Aslak Valkeapää òg hadde ei rolle. Han stod bak det samiske kunstnarinnslaget under vinter-OL 1994Lillehammer.

I 1991 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Beaivi, Áhčážan (på norsk Solen, min far). I samband med prisutdelinga retta han flengjande kritikk mot medlemmene av rådet for manglande samisk representasjon i Nordisk Råd, og han gav eit samisk flagg som gåve til rådet.

Valkeapää fekk norsk statsborgarskap i 2001[2] og blei gravlagd på den norske staten sin kostnad i Birtavarre i Kåfjord.[3]

Nils-Aslak Valkeapää var gudfar til musikaren og politikaren Niko Valkeapää.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1971 - Terveisiä Lapista[4] (Norsk omsetjing av Liv Hatle: Helsing frå Sameland, 1979)[5]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Ruoktu váimmus (Norsk tittel: Vindens veier)
  • 1988: Beaivi, Áhčážan (Norsk tittel: Solen, min far)
  • 1994: Nu guhkkin dat mii lahka (Norsk tittel: Så fjernt det nære)
  • 1996: Jus gazzebiehtár bohkosivččii
  • 1999: Girddán, seivvodan

CD-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Beaivi, Áhčážan
  • Sápmi, lottážan
  • med fleire

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Áillohaš musikkpris blei innstifta på 50-årsdagen til Valkeapää, og har namn etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gustavsen, John (28. september 2014). «Nils-Aslak Valkeapää». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. John Gustavsen. «Valkeappää fanget verden» (PDF). Troms fyklkeskommune / Romssa fylkkasuohkan. Henta 26.3.2019. «Forfatteren rakk å flytte inn i sitt hjem samme år som han fikk norsk statsborgerskap og døde.» 
  3. Gustavsen, John (28. september 2014). «Nils-Aslak Valkeapää». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 26. mars 2019. 
  4. bibsys
  5. bibsys.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]