Nils-Tore Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils-Tore Andersen
Nils-Tore Andersen.jpg
Fødd 3. januar 1942
Yrke Forlagssjef i Luther forlag
Generalsekretær i Misjonsalliansen
Leiar for Kyrkjerådet

Nils-Tore Andersen (fødd 3. januar 1942) er ein norsk organisasjonsleiar. Han har mellom anna vore innom Indremisjonen, Misjonsselskapet, Misjonsalliansen, Kulturrådet, styret i NRK og Forleggerforeningen. I november 2006 vart han leiar for Kyrkjerådet.

Han er utdanna innan teologi ved ein bibelskule i Oslo og Misjonshøgskolen i Stavanger. I tillegg har han teke kurs i misjonsvitskap og administrasjon.[1] Andersen har vore landsungdomssekretær, redaktør, forlagssjef i Luther forlag og informasjonssjef før han vart generalsekretær i Misjonsalliansen i 1989. Den jobben hadde han fram til 2006. Han har også halde radioandakter i NRK i meir enn 30 år.

Nils-Tore Andersen har i arbeidet sitt vore spesielt oppteken av diakoni og diakonal tenking, mellom anna når det gjeld kampen for rettferd og fridom.[1]

Leiar av Kyrkjerådet[endre | endre wikiteksten]

15. november 2006 vart Andersen vald til leiar i Kyrkjerådet, der han møtte i eigenskap av medlem i Borg bispedømmeråd. Ved valet var det to kandidatar i tillegg til Andersen. Desse var Oddbjørg Aasen Bjørdal og Arne Grønningsæter. Det måtte to valomgangar til for at Andersen skulle få meir enn 50 prosent av stemmene. Den siste voteringa vart ei kampvotering mellom Grønningsæter og Andersen, der Andersen fekk 48 stemmer og Grønningsæter 38.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Andersen, Nils-Tore» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Nils-Tore Andersen» på Store Norske Leksikon.