Nils Aaness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Aaness
DF2825NilsAanesMlaurbærkransEM1963.jpg
Nils Aaness på sigerspallen under EM 1963 på Nya Ullevi.
Fødd 31. januar 1936
Andenes
Yrke skøyteløpar
Nils Aaness på Commons

Nils Egil Aaness (fødd 31. januar 1936) er ein tidlegare skeiseløpar frå Haugnes i Andøy kommune som vart europameister i 1963. Han var etter tur medlem i Harstad Skøyteklubb, Tromsø Skøyteklubb, Mo Skøyteklubb og Oslo Skøiteklub.

Aaness fekk sitt nasjonale gjennombrot då han kom på fjerdeplass i NM 1960 på Hønefoss. Ved VM 1960 i Davos vart han nest beste nordmann med sin tiandeplass. Både i 1961, 1962 og 1963 vart han andremann i noregsmeisterskapen, alle gongane såg han sin overmann i Knut Johannesen. Dei to fyrstnemnde sesongane kom han høvevis på niande- og ellevteplass i EM-tevlingane.

Ved EM 1963 i Göteborg makta derimot Aaness å vinne ein klar siger. Med seg på sigerspallen fekk han Johannesen på andre- og 17-åringen Per Ivar Moe på tredjeplass, endå ein nordmann, Magne Thomassen, fullbyrda den norske triumfen med sin fjerdeplass. Til sist i jubelsesongen 1963 vart Aaness nummer tre i verdsmeisterskapen i Karuizawa, tre veker etter EM.

Då NM 1964 fann stad i Tønsberg måtte både Johannesen og Aaness eitt steg ned på sigerspallen, ettersom Per Ivar Moe viste seg som den klart beste. Internasjonalt makta Aaness ikkje lenger å hevde seg, og etter han vart nummer seks i NM 1965 og enda på 17. plass i VM 1965 la han opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.
  • (en) Nils Aaness – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.