Nils Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1780
Gjerpen kommune
Død

2. januar 1841 (60 år)
Christiania

Yrke lærar, fut, politikar

Nils Andersen (17802. januar 1841) var ein norsk embetsmann frå Gjerpen i Telemark som var stortingsmann i 1827 og -28 for Romsdals amt.

Anders var skulelærar i elleve år. I 1811 tok han dansk juridisk eksamen og deretter eksamen i landmåling. Han var i eit par år forvaltar av Selsø stamhus ved København, før han var kopist ved rentekammeret sitt matrikulerkingskontor. I 1815 flytta han tilbake til Noreg og fekk arbeid som fullmektig i 5. departement. Frå 1820 var han sjef for revisjonskontoret for toll- og konsumpsjonsrekneskapa, til han 1824-25 var byråasjef i det nyopretta Revisjonsdepartementet. Til sist fut 1825-37 i Nordmøre.

Andersen representere Romsdals amt på stortinget 1827 og omframtstortinget 1828. I 1827 var han visesekretær i Odelstinget og medlem i Komiteen for jordbruk og fedrift.

Han døydde i Kristiansund, 60 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]