Nils Arne Eggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Arne Eggen
Nils Arne Eggen.JPG
Fødd 17. september 1941
Orkdal
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Nils Arne Eggen på Commons

Nils Arne Eggen (fødd 17. september 1941) er ein norsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Orkdal i Sør-Trøndelag. Han er den fotballtrenaren i Noreg som har flest triumfar gjennom tidene, 21 i talet. Dessutan vann han tre seriegull og eit NM-gull spom spelar på 1960-talet. Eggen er særleg kjend som trenar for Rosenborg Ballklub i periodane 1971–72, 1976–82, 1988–97, 1999–2002 og 2010.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Eggen var i sine yngre år forsvarsspelar på Orkdal IL om sommaren og skihoppar om vinteren. Han var ein av dei betre junior-hopparane i Noreg, men frå 1960 melde han overgong til Rosenborg og satsa på fotball. Allereie i sin fyrste sesong var han med då det til dess umeritterte Trondheims-laget overraska og vart cupmeister etter 3-3 og 3-2 mot Odds Ballklubb frå Skien. I 1963 flytta han til Oslo og spelte på Vålerengen, der han var med på å vinne 1. divisjon i 1965. Året etter flytta han tilbake til Trondheim og hjelpte Rosenborg i 1966 til opprykk til 1. divisjon og til å vinne seriemesterskapen i 1967 og på ny i 1969.

Eggen debuterte på landslaget då Sverige og Noreg 14. august 1963 spelte uavgjort 0-0 i Göteborg. Før 1967-sesongen fekk han ganske få kampar med det norske flagget på brystet, men var med på både det famøse 0-9-tapet for Polen i Stettin hausten 1963, og den sensjonelle 3-0-sigeren over Jugoslavia, 16. juni 1965. I sine tre siste år som aktiv, 1967-69, var han derimot ofte på plass på venstrebacken, hans vanlege posisjon i både landslag og klubblag. Eggen deltok i 29 landskampar, skåra aldri.

Han la opp som aktiv etter 1969-sesongen.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1971 til 2010 var Eggen trenar for Rosenborg i seks ulik periodar av varienande varigheit. I sin fyrste sesong som trenar, saman med Tor Røste Fossen, vann laget både serien og cupen. Åra 1973-74 var han norsk ungdomslandslagstrenar, til Norges Fotballforbund hausten 1974 flytta han over til av verte landslagssjef, saman med Kjell Schou Andreassen. Etter at Noreg ikkje klarde å kvalifisere seg til VM i fotball 1978, slutta Eggen som landslagstrenar.

Etter å ha sikra Rosenborg opprykk frå 2. divisjon i 1978, trente Eggen klubben fram til 1982. I 1986 og 1987 var han trenar for Moss FK, som i hans andre sesong vann sitt einaste seriemeisterskap. Han gjekk deretter tilbake til Rosenborg, og leia klubben til seriegull i 1988, 1990 og alle sesongane 1992-97. Etter eit friår kom han tilbake og leia Rosenborg til fire nye seriegull, 1999-2002. I mai 2010 tok han atter over som Rosenborg-trenar og førte nok ein gong klubben til siger i toppdivisjonen. Frå 2012 har han vore trenar for Orkla FK.

Gjennom si trenargjerning har Eggen vore ein engasjert eksponent for offensivt spel, særleg i Rosenborg. Han vart mykje av ein medieyndling ved sine mange postulat, som til dømes om «godfoten» og det «å gjere andre gode», samt uvanlege og frittalande pressekonferansar i høve meisterliga-kampar.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Eggen vart tildelt Olavsstatuetten i 1994. Han fekk Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnavn i 1999. I 2003 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, og i 2015 «Årets Trysil-Knut».

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Spelar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1960 med Rosenborg
  • Seriemeister: 1965 med Vålerengen IF
  • Seriemeister: 1967 og 1969 med Rosenborg

Trenar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeisterskap: 1971, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2002 og 2010 for Rosenborg
  • Noregsmeisterskap: 1971, 1988, 1990, 1992, 1995 og 1999 for Rosenborg
  • Seriemeisterskap: 1987 for Moss

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar