Nils Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg biskopen Nils Astrup.
Nils Astrup
Fødd 11. november 1778
Ørskog
Død

26. september 1835
Kristiania

Yrke politikar

Nils Astrup (11. november 177826. september 1835) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Astrup var son til Nicolai Astrup (1748-1802) og Kristine Margrethe Abelseth (død 1830). Han vart gift i 1815 med Ingeborg Ross Møller (1788-1846).[1] Nils Astrup er farfar til misjonsbiskopen Nils Astrup og oldefar til kunstmålaren Nikolai Astrup.

Astrup var fødd i Ørskog på Sunnmøre, der faren var kapellan og prest (og før han var farfaren Niels Astrup (1717-1792) sokneprest og prost). Sjølv var han fut i Råbyggelaget frå 1816, og budde då i Herefoss. Frå 1822 var han fut i Solør og Odalen, og budde i Grue.

Astrup var 2. representant frå Nedenes og Råbyggelaget på Stortinget 1821 og det overordentlege storting 1822. I 1821 var han visesekretær i Stortinget og sekretær i seks av dei åtte komiteane han var medlem av. 1822 visesekretær i Odelstinget.

Nils Astrup døydde på rikshospitalet i Kristiania i 1835.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.265.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]