Nils Bergslien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Bergslien
Fødd 26. februar 1853
Voss
Død

18. desember 1928
Eidfjord

Yrke illustratør, kunstmålar, bilethoggar
Nils Bergslien på Commons
Kven er størst måtru

Nils Nilsen Bergslien (26. februar 185318. desember 1928) var ein norsk biletkunstnar fødd på Voss. Han verka både som kunstmålar, teiknar og bilethoggar, og kan knytast til nasjonalromantikken. Nils Bergslien var brorson til bilethoggaren Brynjulf Bergslien og kunstmålaren Knut Bergslien.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Nils Bergslien vart utdanna ved målarskulen til onkelen Knut Bergslien og Morten Müller i Kristiania i åra 1871 - 72. I 1873 vart han med onkelen på studiereise til Tyskland og Austerrike. I åra som følgde fekk han offentleg stipend til å leggja ut på studiereise i Telemark i lag med Gerhard Munthe. Frå 1876 til 1879 studerte han ved Akademie der Bildenden Künste i München under professor Otto Seitz, før han i 1880 fòr over Hardangervidda til Eidfjord i lag med bilethoggaren Axel Ender og den danske diktaren Holger Drachmann. Her møtte Bergslien den jamaldrande Johanna Møkletun. Dei gifte seg året etter, og vart buande i Eidfjord resten av livet, avbrote av kortare opphald i Bergen og på Jæren.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Han var kjend for dei nasjonalromatiske folkelivsskildringane sine og motiv fra eventyr og segner, mellom anna mange, ofte komiske nissebilete som det har vorte laga postkort av. I 1886 gav han ut ein serie av desse i Nissealbum.

Bergslien arbeidde også med dekorasjonsmåleri og utforma relieff, medaljongar o.l. Oppetter åra fekk Bergslien ei rekkje utsmykkingsoppdrag. I 1886 laga han dekorasjonar til turistskipet «Britannia», i åra 1899–1900 dekorerte han fleire rom i Hotel Norge og Café Boulevard i Bergen (vart øydelagt i bybrannen 1916) og i Tyssedal Hotel. Seinare laga han dekorasjonar i nasjonalromantisk stil til spisesalen i Hotel Vøringfoss i Eidfjord. Måleria vart flytte til kommunehuset i Eidfjord i 1995.


Han måla òg fleire altartavler, til dømes i Granvin kyrkje (1911) og Oppheim kyrkje (1906). Vidare måla han bilete med motiv frå noregshistoria (til dømes Etter slaget på Stiklestad og Kong Sverre på Vossafjelli) eller frå norsk litteratur (Åsgårdsreien). Han laga òg ei rekkje portrett. Som teiknar laga han mellom anna tittelomslaget til humorbladet Vikingen og ei rekkje karikaturar. Han prøvde seg òg som bilethoggar, med portrettbyster, relieff og medaljar.

Teikningane og måleria til Bergslien vart svært populære, og etterspurnaden gjekk deretter. Av dei betre verka hans kan nemnast måleriet Kyrkjeofring og relieffet Ridande Vossabrudlaup – eit minnesmerke over felespelaren Ola Mosafinn. Bergslien spela sjølv fele, og hadde lært seg fleire folketonar i oppveksten.

I Eidfjord sentrum ligg Galleri Nils Bergslien som er eigd av Eidfjord kommune. I 1996 inneheldt samlinga 47 måleri innan ulike teknikkar og 11 gipsmodellar. Atelieret og huset hans har òg vorte restaurert. Huset vart på folkemunne kalla Bergsliskorane og kan framleis sjåast ein kilometer utanfor Eidfjord sentrum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]