Nils Brinck Bendz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Brinck Bendz
Fødd14. november 1754
Rønninge på Fyn, Danmark
Død8. august 1825 (70 år)
Statsborgar avNoreg, Danmark
YrkeJurist
VervStortingsrepresentant 1815-1817 og 1821-1823

Nils Brinck Bendz (fødd 14. november 1754 i Rønninge på Fyn, Danmark, død 8. august 1825 i Larvik) var ein danskfødd jurist som virka i Noreg. Han var cand. jur. i 1779, auditør same år. I 1786 var han mellom anna overbirkedomar og vrakar i Larvik. Han gifta seg med Inger Bugge frå Larvik.

Bendz representerte Larvik på Stortinget 1815-16 og Larvik og Sandefjord i 1821 og på det overordentlege storting i 1822. I 1815-1816 var han medlem av Lagtinget og fem komitear. Han var òg medlem av Riksretten mot Frederik Gottschalk von Haxthausen.

I 1821 var han medlem av åtte komitear, i 1822 medlem av Lagtinget. Han var medlem av Riksretten mot Thomas Fasting og Herman Wedel-Jarlsberg i 1821.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]