Nils Bruland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Bruland, (27. september 192223. januar 2000) var ein norsk bilethoggar frå Eivindvik i Gulen kommune. Han var busett i Jølster store delar av livet sitt.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Nils Bruland var son til Arne Bruland og Helga, fødd Brosvik. Han utdanna seg ved Kunstfackskolan i Stockholm, der han sjølv underviste i kunsthandverk i mange år. Han jobba ofte saman med professor Carl Malmsten. Då mora til Nils Bruland, Helga døydde i 1947, vart ho gravlagt i Koparvik. Nils Bruland ynskte å laga eit minne etter henne, og han fekk reist ei gravstøtte i Rutledal, heimbygda hennar.

Han var sterkt knytt til heimfylket, og i eit intervju med Bergens Tidende, uttalte han: "Naturen her er noko av det vakraste vi kan finne på jordkula, men like mykje har folka ein livsrytme og livsrøynsle som er umåteleg verdfull. Eg kjenner heile dette området som ein heim."

Nils Bruland arbeidde mykje med treskulpturar, men har også laga fleire krigsminnesmerke til norske kommunar. Han vart gift med Inga, og dei vart buande i Gjesdal i Jølster frå 1974. Bruland vart føreslått til fylkeskulturprisen i 1980, men fekk ikkje prisen.

Inga døydde i 1998, og Nils laga sjølv gravminnet etter henne. Ho vart gravlagt i Utvik i Stryn. Då han sjølv døydde to år etter, vart han gravlagt på same staden.

Verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]