Nils Christie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nils Christie

Nils Christie (24. februar 192827. mai 2015) var ein norsk professor i kriminologi frå Oslo.

Nils Christie tok magistergraden i sosiologi i 1953, var dosent i kriminologi frå 1959, vart dr.philos. i 1960 og professor i kriminologi i 1966. Han skreiv den sosiologiske avhandlinga si om unge lovbrytarar og korleis samfunnet skil mellom kva som er kriminalitet og ikkje. I mange år var han styrar ved Institutt for kriminologi og strafferett ved Universitetet i Oslo.

Christie skreiv ei rekkje bøker og var ein ivrig deltakar i samfunnsdebatten om kriminalitet, straff og rettsvesen. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk, som Pinens begrensning (1981), Den gode fiende (1984, saman med Kettil Bruun), Kriminalkontroll som industri. Mot GULAG, vestlig type? (1993) og En passende mengde kriminalitet (2004). Han var talsmann for å leggje om narkotikapolitikken, og tok mellom anna til orde for legalisering av cannabis. Sentrale tema i forskinga hans var fengsel, konflikt og kriminalitetskontroll.

Nils Christie vart tildelt Fritt Ord-prisen i 2001. I 1996 vart han utnemnd til æresdoktor ved Københavns Universitet.

Han var gift med kriminolog Hedda Giertsen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • «Nils Christie» på Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Christie, Nils» av Magne Lerø i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]