Nils Ebbessøn Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Ebbessøn Astrup
NilsEbbessønAstrup.png
Fødd 7. juni 1901
Død

29. september 1972

Yrke administrerande direktør
Nils Ebbessøn Astrup på Commons

Nils Ebbessøn Astrup (7. juni 190129. september 1972) var ein norsk skipsreiar frå Oslo.

Etter cand.jur. 1924 vart han i 1931 medeigar i Fearnley & Eger som morfaren Thomas Fearnley (1841–1927) hadde grunnlagt i 1869. Det vart vidareført av sonen Thomas Fearnley (1880–1961), altså onkelen til Nils. Ved dødsfallet til onkelen i 1961 overtok Nils Astrup leiarstillinga. Elles skaffa han seg Verjedalsbruket i Numedal og investerte i oljeindustrien.

Han var son av Cecilie Fearnley (1878–1902) og Ebba Carsten Morten Astrup (1876–1955). Nils E. Astrup vart i 1925 gift med Hedvige Stang (1904–1978), dotter av skipsreiar Jørgen Breder Stang. Dei fekk fire søner som gjekk inn i firmaet. Då Nils Ebbessønn Astrup døydde i 1972, overtok sonen Nils Jørgen Astrup (1925–2005) leiarskapet. Dårlege tider (shippingkrise) på 70-talet leidde til slutt til konkurs i 1991.

Nils Astrup var ein av H. P. L'Oranges viktigaste støtter i førebuingane til Det norske institutt i Roma (innvigde 1959).[1] Sonen Hans Rasmus Astrup (fødd 1939) er ein kjend samlar av moderne kunst som i 1993 opna Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst.

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Oslo nye rederiforening, leier 1938–40
  • Noregs rederiforbund, visepresident 1940–45 og president 1963–63
  • Det internasjonale rederiforbundet, leier 1966–69
  • St. Olavs Orden: Kommandør i 1969

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. I H.P. L'Oranges fotspor: forskning ved Det norske institutt i Roma. Oslo: Messel forl. 1996. s. 9. ISBN 8290744331.