Nils Erichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Erichsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1787
Skjeberg
Død

19. desember 1832 (45 år)
Skjeberg

Yrke bonde, lærar, politikar
Språk norsk

Nils Erichsen (178719. desember 1832) var ein gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Skjeberg i Østfold.

Han var son til ein gardbrukar og lensmann. Sjølv var han skulehaldar i Skjeberg frå 1806, og lensmann frå 1812. I tida 1803-19 var han gardbrukar på Prangerud, sidan på Rønnild. Han eigde også garden Tveter, der han dreiv to mylner. Elles dreiv han eit sagbruk på Rønnild og eit teglverk på Prangerud. Erichsen var ein stiftarane av og eit aktivt medlem i Selskapet for Skjeberg sogns vel. Han underviste skulehaldarane i bygda og var organist i soknet.

Erichsen var 3. representant frå Smaalenenes amtStortinget i 1827 og på omframstortinget 1828. I 1827 var han medlem av komiteen om jordbruk og fedrift, i 1828 i komiteen om ansvarslova. Han var 1. og 2. varamann til Stortinget i høvesvis 1824 og 1830.

Han var tildelt borgardådsmedaljen.

Erichsen døydde på garden sin i Skjeberg i 1832.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914