Nils Erik Flakstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Erik Flakstad
Fødd 23. mars 1876
Åmot
Død

9. desember 1939 (63 år)

Yrke politikar, bankier, advokat

Nils Erik Flakstad (23. mars 18769. desember 1939) var ein norsk jurist og næringsdrivar som i åra 1922-27 representerte partiet HøgreStortinget. Han vart kjend som leiar av høyringane i Lagtinget kring riksrettssaka mot Regjeringa Abraham Berge. Flakstad var far til bilethoggaren Nils Flakstad og dotterson til Nils Jønsberg.

Nils Erik Flakstad var fødd i Åmot og voks opp der, så lenge far hans dreiv gardsbruk og landhandel i bygda. Utpå 1890-talet slo far hans seg ned i Hamar og dreiv handel der. Sjølv studerte han rettsvitskap og vart cand.jur. i 1899. Der etter arbeidde han hos sorenskrivaren i Moss i to år, før han så dreiv sakførarar-praksis i Hamar frå 1902. Frå 1911 til 1931 var han banksjef i Hamar Sparebank, tida 1921 til -31 også administrerande direktør for Hamar bryggeri.

Flakstad var i to periodar, 1919-22 og 1928-31, medlem i Hamar bystyre. Hausten 1921 vart han vald inn på Stortinget frå kjøpstadene i Hedmark og Oppland fylke, attvald i 1924. Alle seks åra på Stortinget var han medlem i Næringskomite nr 2. I 1926 og 1927 var Flakstad lagtingspresident og såleis leiar av riksretten i saka mot Abraham Berge, statsminister hadde vore, og medlemer i regjeringa hans. År 1927 deltok Flakstad elles på den interparlamentariske kongressen i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]