Nils Faarlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Faarlund
Nils Faarlund.jpeg
Fødd 9. januar 1937 (83 år)
Østre Toten
Nils Faarlund på Commons

Nils Petter Faarlund (fødd 1937) er ein norsk sivilingeniør og vegleiar i friluftsliv. Faarlund vart fødd og voks opp på Vestgarden Fårlund i Østre Toten, ein eigedom han sidan har teke over. Han grunnla i 1967 Norges Høgfjellsskole i Hemsedal. I 1972 fekk han og i gang friluftsliv som høgskolestudium ved Norges Idrettshøgskole. Faarlund har vore svært oppteken av fjellredning, og har vore Norges Røde Kors sin delegasjonsleiar til IKAR (Internationale Kommission für alpines Rettungswesen) frå 1974 til 2007.

I høve 70-års dagen i 2007 vart han heidra med festskrivet VEGLEDEREN Et festskrift til Nils Faarlund. Ei bok på meir enn 300 sider.

I 2008 utnemnde Kongen han til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen han har gjort for den frivillige og profesjonelle redningstjenesta.[1]

I 2009 fekk han Den Norske Friluftslivsprisen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]