Nils Finne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nils Johannesson Finne (2. juni 18686. mars 1927) var ein handelsmann og stortingsrepresentant frå Voss.

Finne var son til Johannes Finne, som var direktør i Voss sparebank og elles ein framståande mann i bygda. Skulevinteren 1883/84 gjekk han Hardanger og Voss amtsskule, deretter 1886/87 Garnes folkehøgskule. I ungdomsåra arbeidde han elles på gard til han i 1887 fekk plass i ei handelsbud. Frå 1891 dreiv han landhandlarforretning på Vossevangen til han døydde.

Han kom med i Voss heradsstyre i 1897 og hadde plass der til han døydde, tida 1908-25 var han ordførar for heradet. Åra 1923-24 var han formann i fylkestinget for Hordaland. Han var med både i vegstyret og i elektrisitetsnemnda til Hordaland fylke, og i Kommunikasjonsnemndi for Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane. Frå 1916 til 1927 var han formann i forstandarskapet til Voss off. Landsgymnas, og åra 1918-27 forlikskommissær i Voss. Han var i si tid leiar i Voss vinstrelag og 1921-27 i Hordaland vinstrelag. Elles var han medlem i Motorvognnemndi av 1921, styremedlem 1924-27 i Avholdsfolkets Landsnemnd og stortingsvald medlem av Hovudstyret for statsbanene frå 1. juli 1924. Finne var ein aktivist både innanfor frilynderørsla, målreisingsarbeidet og fråhaldssaka.

Finne var vararepresentant til Stortinget i dei tre valperiodane mellom 1916 og 1924. Han møtte fyrste gongen 16.6-20.6.1920 og frå 22.6.1921, ved begge høva i staden for Ole Monsen Mjelde og som varamann frå einmannskrinsen Voss. Fram til 6. mars 1923, då statsråd Mjelde og Blehr-regjeringa gjekk av, var Finne medlem i Tollkomiteen. Då Mjelde 25. juli 1924 fekk sete i den fyrste Mowinckel-regjeringa, kom Finne inn att på Stortinget dei siste dagane av 1924-sesjonen. Valbolken 1925-27 var han Hordaland sin 8. representant på Stortinget, var då medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen til 5. mars 1926, deretter medlem i Næringskomite nr.1 til han våren 1927 døydde brått i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]