Nils Frederik Aars
Utsjånad
| Nils Frederik Aars | |||
| | |||
| Fødd | 9. mars 1807 Enebakk | ||
|---|---|---|---|
| Død | 11. juli 1865 (58 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | sokneprest | ||
| Far | Jens Aars | ||
| Barn | Sophus Christian Munk Aars, Elise Aubert | ||
| Alle verv |
| ||
Nils Frederik Julius Aars (9. mars 1807–11. juli 1865) var ein norsk prest og stortingsmann frå Enebakk i Akershus. Jens Aars var far hans.
Aars vart student frå Drammens skole i 1827 og cand. theol. i 1832. Same året vart han personalkapellan hos faren i Lier, to år seinare residerande kapellan i prestegjeldet. Tida 1845-51 var han sokneprest i Alta og Talvik og frå 1851 var han sokneprest i Lom kommune.
Aars representerte Finmarkens amt på Stortinget i 1848 og 1851. Han var i 1848 medlem av kyrkjekomite nr 1 og i 1851 av Lagtinget og militærkomite nr 2.
Han døydde i Lom i 1865.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914