Nils Gudmundsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Gudmundsrud
Fødd 1803
Død 1883

Nils Gudmundsrud (18031883), var den andre ordføraren i Ål etter at formannskapslova vart innført. Nils var kjend både som ein førande bygdepolitikar i tida, og som ein god dansar. Han var og kyrkjesongar i Ål i ei årrekkje.

Nils var kjend for det overlag gode handskrifta si, og fekk gjennomslag for sakene sine sentralt mellom anna på grunn av dette. Då Ivar Aasen var på veg nedetter Hallingdal, tok han inn hjå Nils.

Dotter av Nils, Gro Gudmundsrud, er og hugsa som god dansar. Ho reiste til Amerika kring 1860. Av etterkomarane hans Nils reknar vi mellom anna spelemannen Nils Gjeldokk.

Springaren Nils Gudmundsrud er kalla opp etter han. Slåtten er opphavleg etter Knut Skøro.

Nils sat ordførar i Ål i 1840, 1841, 1844, 1846, åra 1847-49, og att i åra 1856-63.