Nils Gustaf Dalén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Gustaf Dalén
Nils Gustaf Dalén.jpg
Fødd30. november 1869
Stenstorp
Død9. desember 1937
Lidingö församling
NasjonalitetSverige
Områdefysikk
Yrkefysikar, ingeniør, oppfinnar, entreprenør, bedriftsleiar
InstitusjonarAGA AB
Alma materChalmers tekniska högskola
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

Nils Gustaf Dalén (30. november 18699. desember 1937) var ein svensk oppfinnar.

Dalén var fødd i Stenstorp i Västergötlands län. Foreldra hans ville at han skulle bli bonde, men han byrja tidleg som oppfinnar. Gustaf de Laval råda han til å skaffa seg ei god teknisk utdaning. Han byrja då på Chalmers og etter eksamen arbeidde han meir med oppfinningar, fremst basert på å dra nytte av acetylen. Dalén studerte i 1896 på Eidgenössische Technische Hogschule Zürich.

Daléns oppfinningar omfattar klippapparat med trykkregulator, solventil og automatisk glødenettsutbyttar. Desse konstruksjonane la grunnen til selskapet AGA (AB Gas-Akkumulator) kjent særleg for sitt AGA-fyr. Slike fyr kan arbeide utan tilsyn opp til eit år. Gustaf Daléns bidrag til tryggleiken på verdshava gav han nobelprisen i fysikk i 1912. Han fekk prisen for sine "oppfinningar av sjølvverkande regulatorar som i kombinasjon med gassakkumulatorar kan nyttast til å lyse opp fyr og lysbøyer". Dalén fann òg opp Agaomnen, som vart introdusert på marknaden i 1929.

Dalén vart hardt brannskadd og mista synet i samband med ein gasseksplosjon i 1912 og det har blitt spekulert i om han vart tildeld Nobelprisen delvis på grunn av medkjensle etter denne ulukka. Dalén held trass skaden fram med å leie AGA til 1937.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]