Nils Hilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Hilsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mai 1794
Modum kommune
Død

25. juli 1872 (78 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Nils Nilssen Hilsen (20. mai 179425. juli 1872) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Hans Nilssen Gubberud var bror hans.

Hilsen var son til ein gardbrukar og tidlegare lærar i Snarum sokn i Modum. Sjølv var han utdanna til lærar hos soknepresten i prestegjeldet. I den lange perioden 1821 til 1872 var han kyrkjesongar i alle tre kyrkjesokna i Lier; Frogner, Tranby og Sylling. I yngre år var han ei tid også lærar for konfirmerte gutar i Lier. Han hadde ei mengd kommunale verv, mellom anna var han ordførar i Lier, forlikskommissær og sparebankdirektør.

Hilsen representerte Buskeruds amtStortinget i 1848 og 1854-64. I 1848 var han medlem av kyrkjekomite nr 1. Frå 1854 var han medlem av Lagtinget på alle seinare tingsamlingar. I tillegg var han 1854 med i bankkomiteen, 1857 i kyrkjekomiteen, 1859-60 og 1862-63 i vegkomiteen og 1864 i jarnbanekomiteen.

Hilsen døydde på klokkargarden Heg i Lier i 1872.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914