Nils Isaksson Kulstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Isaksson Kulstad
Fødd 1798
Vefsn
Død

25. desember 1875
Vefsn

Yrke politikar, bonde

Nils Isaksson Kulstad (179825. desember 1875) var ein norsk gardbrukar, fiskar, lensmann og stortingsmann frå Vefsn i Nordland. Han var farfar til Nils M. Kulstad.

Faren var leiglending på garden Kulstad. Han tok over bygslet av garden etter far sin, og dreiv denne. I 1863 kjøpte han garden og dreiv han til ein son tok over. Han dreiv også fiske og var 1841-57 lensmann i Vefsn. Elles var han medlem av heradsstyret i mange år og av forlikskommisjonen.

Kulstad var 3. representant frå Nordlands amtStortinget både i 1839 og i 1842. I 1839 medlem av næringskomite nr 1, 1842 av justiskomiteen.

Han døydde på garden sin, Jomfruremma i Vefsn, i 1875.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914