Nils Jørgen Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Jørgen Astrup
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. november 1935
Død

5. september 2005 (69 år)

Yrke forretningsdrivande
Far Nils Ebbessøn Astrup
Mor Heddy Astrup

Nils Jørgen Ebba Astrup (12. november 19355. september 2005) var ein norsk forretningsmann og skipsreiar.

Astrup var utdanna diplomøkonom ved Balliol College ved University of Oxford. Han var styreleiar i ei rekkje norske føretak, mellom dei Fearnley & Eger (1977–1991), Orkla-Borregaard (1972–1991) og Elkem (1986–1987).[1] I 1988 og 1989 var han president i Norges Rederiforbund.[2]

Han tilhøyrde slekta Astrup og var son av skipsreiar Nils Ebbessøn Astrup. Han var nær ven av kongefamilien og var fadder for prinsesse Märtha Louise.

Avisa VG avslørte sumaren 1992 at Astrup-familien, med Hans Rasmus sin storebror Nils Jørgen, hadde brukt pengar frå stiftinga Thomas Fearnleys Bidrags- og Gavefond til private foremål av ymse slag - alt frå kjøp av private bilar til medlemskap i Oustøen Country Club. I etterkant av denne saka vart det gjort store endringar i stiftingslova. Nils Jørgen Astrup vart dømd til eitt år og sju månader i fengsel.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Jørgen Astrup er død dn.no, 9. september 2005
  2. Hvem Hva Hvor 1989
  3. Jo Andre Aakvik, Risler milliarder over eget museum, E24, 20.12.2013.