Nils J. Hestnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils J. Hestnes
Fødd8. mars 1860
Død27. september 1948
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Nils Johansson Hestnes (8. mars 186027. september 1948) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå ValsøyfjordNordmøre. Jonas Hestnes var bror hans.

Hestnes var son av ein gardbrukar i Valsøyfjord. I 1878-79 gjekk han amtsskulen. Han tok over farsgarden Hestnes i 1890 og dreiv denne. 1890-94 var han medlem av heradstyret i Aure, frå 1895 av heradstyret i den utskilde kommunen Valsøyfjord. Han var ordførar i Valsøyfjord 1916-28 og elles forlikskommissær i 30 år frå 1897 og skulestyreformann fram til 1937.

Hestnes representerte Romsdals amtStortinget 1900-03 og 1903-06. Sidan representerte han Nordre Nordmøre krins åra 1906-15. På alle tingsamlingane var han medlem av landbrukskomiteen, nestformann 1913-15. 1913-15 var han og medlem av Lagtinget og valkomiteen. Han vart også vald til Stortinget 1916-18, men møtte berre til 19. januar 1916. Valet vart då forkasta, og varamannen rykte opp til fast representantplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914