Nils Jakob Hoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nils Jakob Skulstad Hoff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Jakob Hoff
Fødd 5. februar 1985
Bergen
Yrke roar, lege

Nils Jakob Skulstad Hoff (fødd 5. februar 1985 i Bergen) er ein norsk roar som representerer Fana Roklubb. Han er også medlem av Team Tufte.[1]

Nils Jakob Hoff ror dobbelsculler saman med Kjetil Borch. Dei to rodde seg til ein fjerdeplass i VM ved Lake CarapiroNew Zealand i 2010.[2] Dette var Noregs beste prestasjon i roing sidan Olaf Tufte vann olympisk gull under sommar-OL 2008 i Beijing.[3] Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen.[4] Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vann[5] og enda på ein samanlagt sjuandeplass.[6]

Nils Jakob Hoff har også vore aktiv som harpist, og har delteke med harpa på NRK-programmet Kjempesjansen.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]