Nils Johan Heatta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Johan Heatta
Fødd 31. juli 1954 (66 år)
Kautokeino kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, redaktør

Nils Johan Heatta (fødd 31. juli 1954) er ein norsk samisk journalist som var sjef for NRK Sápmi frå 1985 til 2015.[1]

Heatta byrja arbeida i NRK i 1974 og vart reporter i NRK Sami Radio i 1982.[2] Etter det vart han vaktsjef og i 1985 sjef for sameradioen, som vart eigen divisjon i NRK 1992. Heatta vart dermed direktør for NRKs samedivisjon, og samstundes del av toppleiinga i NRK.

Heatta er rekna som ein av eldsjelene bak dei samiske nyheitssendingane, Ođđasat, som har gått både på NRK1 og svensk og finsk TV frå 2001.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Larsson, Carl-Gøran (3. september 2015), «Nå har Mona Solbakk tatt over som direktør for NRK Sápmi», NRK (på norsk bokmål), henta 8. januar 2019 
  2. 2,0 2,1 Larsen, Dan Robert (24. april 2015), «Nils Johan Heatta slutter som sjef», NRK (på norsk bokmål), henta 8. januar 2019 
  • Denne artikkelen bygger på Nils Johan Heatta frå bokmålsutgåva av Wikipedia, versjonen frå 14. januar 2018