Nils Johansson Wiig
Nils Nikolai Johansson Wiig (26. oktober 1782–19. januar 1846) var ein handelsmann og skipper frå Moltu i Herøy på Sunnmøre.
Nils Wiig var frå Moltu. I 1804 fekk han plasse-setel av eigarane av Moltu-garden og busette seg på Myra (8) på Moltu. Sjøfart var viktigaste næringsvegen, der han etter kvart vart skipper. Ei avis melder i juli 1811 at skipper Wiig var komen frå Christiania til Bergen med jakta «Vaderhoug», lasta med «130 Tønder Byg». Jamsides sjøfarten dreiv han handel frå heimstaden.
Nils Wiig var gift 1812 med Marte Nilssdotter Schjelderup (1792-1840) frå Ulsteinvik. Seks born voks opp i heimen deira: Johan, som tok over plassen etter far sin, Gerhard (Flåvær 1) og døtrene Charlotte, Oluffa, Marta og Nikoline. Alle fire døtrene utvandra til Nord-Amerika, dei to yngste omkom på Michigansjøen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Herøyboka. Gardar og folk III, s. 157f og s. 184. 1963.
- Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 10. august 1811