Nils A. Lavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nils Lavik)
Nils A. Lavik
Fødd8. januar 1884
Død14. juli 1966 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti (1933), Venstre (1933)
Yrkepolitikar, bonde, journalist
FarAndres Lavik
Alle verv

Nils Andresson Lavik, (8. januar 188414. juli 1966), var ein norsk politikar, redaktør, predikant og småbrukar frå Eksingedalen, i noverande Vaksdal kommune. Han var Kristeleg Folkeparti sin fyrste representant til Stortinget. Andres Lavik var far hans.

I perioden 1931 til 1933 var Lavik vararepresentant til Stortinget for Venstre. Før stortingsvalet i 1933 vart han forbigått i nominasjonen til Hordaland Venstre, og dette var ei av dei utløysande årsakene til at det nye partiet Kristeleg Folkeparti vart skipa same år. Lavik vart vald inn frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti, og sat på Stortinget til 1953. Han var formann i Kristeleg Folkeparti frå 1938 til 1951.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kristian Helland, Pietist i kulturkamp: Nils Lavik og framveksten av Kristeleg Folkeparti (NLA-forlaget, 2003).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]