Nils Liedholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Liedholm
Fødd 8. oktober 1922
Fødestad Valdemarsvik
Død 5. november 2007
Dødsstad Cuccaro Monferrato

Nils Erik Liedholm (8. oktober 19225. november 2007) var ein svensk fotballsspelar og -trenar frå Valdemarsviks kommun i Östergötlands län. Han vann OL-gull 1948 og VM-sølv 1958 med det svenske landslaget og var gjennom 1950-åra del i den legendariske svenske trioen Gre-No-Li i AC Milan. Liedholm var ein klok indreløpar og ein uvanleg presis pasningsleggjar.

Liedholm byrja spele for Valdemarsviks IF i 1938. Fem år seinare kom han til Norrköpings-klubben IK Sleipner. Frå 1946 spelte han på storklubben IFK Norrköping, eit lag han vann allsvenskan med både i 1947 og 1948. Gjennom åra 1947-49 spelte han 18 landskampar, høgdepunktet var finalen i dei olympiske sommarleikane 1948 i London, ein kamp som enda med svensk siger 3-1 over Jugoslavia.

Gre-No-Li; frå venstre Gunnar Gren, Gunnar Nordahl og Niels Liedholm

Sommaren 1949 skreiv Lidholm kontrakt med AC Milan. I Milan fekk han landsmennene Gunnar Gren og Gunnar Nordahl til lagkameratar. Liedholm vart den sentrale spelstyraren i Gre-No-Li-trioen, ein angrepstrio som skapte svensk etterkrigshistorie ikkje berre i AC Milan men også i italiensk fotball. Gjennom tolv sesongar var han med å vinne den italienske liagen fire gongar. I 1958 tok Milan seg til finalen i europacupen i fotball, der det vart tap for Real Madrid. Etter å ha vore utanfor landslaget i nær ti år, deltok Liedholm i VM i fotball 1958 på svensk heimebane. Han var Sveriges lagkaptein i alle fem VM-kampane. Den 29. juni 1958 leidde han eit svensk lag ut til finalen i turneringa. Fire minuttar ut i kampen mot Brasil sende han Sverige i føringa, men sidan tok brasilianarane over og vann 5-2, ikkje minst takk vere 17-åringen Pele. Med dei fem VM-kampane kom Liedholm opp i 23 kampar og 12 mål i landslagstrøya.

Både i 1960-, 1970- og 1980-åra var Liedholm trenar for AC Milan, eit lag han førte til seriemeisterskap 1979. Tre år etter førte han også AS Roma til siger i Serie A. Også AS Roma trente han i fleire periodar.

Liedholm flytta ikkje tilbake til Sverige. Han døydde i ein landsby i provinsen Alessandria, der han hadde budd i fleire tiår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Nils Liedholm – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.