Nils M. Kverneland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils M. Kverneland
Fødd 19. oktober 1878
Død

12. desember 1963

Nils Martinsson Kverneland (19. oktober 187812. desember 1963) var ein norsk gardbrukar, skulestyrar og politikar frå Time i Rogaland. Han representerte BondepartietStortinget frå 1925 til 1945.

Kverneland var son til ein gardbrukar. Etter han hadde gjort ferdig amtsskolen i Jæren og Dalane i 1896, var han dei neste to åra elev ved landbruksskulen på Tveit i Ryfylke. Deretter gjekk han 1899-1901 jordbruksavdelinga og 1902 hagebruksavdelinga ved Noregs LandbrukshøgskuleÅs i Akershus. Seinare fekk han stipend til å studere småbruksdrift i Danmark og Sverige.

Frå 1902 til -11 underviste Kverneland på Jønsberg landbruksskule. I 1911 overtok han farsgarden og dreiv denne i om lag 20 år. Samstundes byrja han som andrelærar ved ein vinterlandbruksskule på Jæren. I 1919 vart han styrar ved vinterlandbruksskulen, ei stilling han hadde til 1942. Han var elles formann i mellom anna Jærens Potetmelfabrikker, i Rogalands Meierilag 1918-24 og Rogalands landbruksselskap 1923-34.

Kverneland var ordførar i Time i seks år, 1919-24. Ved stortingsvalet i 1924 vart han vald til å representere Rogaland og Bondepartiet på Stortinget. Med fire attval vart han verande stortingsrepresentant til 1945. Han var 1925-27 medlem i Tollkomiteen, 1928-30 i Næringskomiteen, 1931-33 sekretær i Sjøfarts- og fiskerikomiteen og frå 1934 medlem i Veg- og jarnbanekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]