Nils Magerøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nils Motsfeldt Magerøy (25. mars 188322. oktober 1961) var ein skulemann frå ÅlvundeidNordmøre. Han var far til Hallvard Magerøy og bror til Arne Magerøy.

Nils Magerøy tok eksamen ved lærarskulen i Volda i 1906. Dei neste sju åra var han sjølv lærar på den same skulen. Der etter var han lærar i eitt år på Sunnhordland fylkesskule og i fire år på Møre ungdomsskule i Borgund kommune. Frå 1918 til -27 styrte han Oppdal ungdomssskule, og var så lærar 1928-31 på Øystese framhaldsskule. Til sist arbeidde han 1931-48 i folkeskulen og på lærarskulen i Volda.

Saman med broren Arne Magerøy gav han i 1943 ut Gamle visor og kvedor. Seinare skreiv han Leidetråd i Luthers katekisme og han omsette barneboka Sagan hans Hjalta litla (Vesle Hjalti) av Stefán Jónsson til nynorsk frå islandsk.

Nils Magerøy døydde og er gravlagd i Volda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]