Nils Nilsson Skum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Nilsson Skum

Statsborgarskap Sverige
Fødd 13. april 1872
Kautokeino kommune, Gällivare
Død

27. desember 1951 (79 år)
Sjisjka

Yrke kunstnar
Nils Nilsson Skum på Commons

Nils Nilsson Skum (13. april 187227. desember 1951) er ein av dei best kjende svenske samiske kunstnarane. Skum etterlet seg over 3000 teikningar, alle med motiv frå reindrift og tradisjonell samisk liv. Han arbeidde òg med tradisjonelt samisk sløyd, som til dømes knivar med fine mønster, og skulpturar.

Foreldra hans, Nils Thomasson Skum og Margareta Nilsdotter, dreiv med rein, og Nils Nilsson blei fødd under flytting frå Kautokeino til Gällivare. Han sjølv arbeidde òg for det meste med reindrift. Som kunstnar var han heilt sjølvlært. Frå 1893 var han gift med Helena Kuhmunen.

På 1930-talet hadde den store reinflokken til Skum krympa mykje etter nokre vanskelege år då mykje rein døydde av svolt. Han slo seg då ned i Sjisjkasvare for å verta kunstnar på heiltid. Der innreidde han eit atelier med elektrisk ljos frå sitt eige vindkraftverk. I 1937 vart bileta til Skum utstilte på verdsutstillinga i Paris. Etter dette vart bileta hans kjende av ein vidare krins. Året etterpå vart om lag hundre av teikningane hans utgjeve i boka Sáme siida (Samebyen). Bileta vart forklåra for dei som ikkje er kjent med reindrift og samisk kultur.

Skum døydde i Sjiska i Gällivare. Boka Valla renar, som kom ut fyrst etter at han var død, tek for seg tradisjonell reindrift i ord og bilete, slik Skum hadde opplevd det. Ernst Manker var redaktør for begge bøkene.

Mange av verka til Skum er i dag å finna på Nordiska Museet i Stockholm, hjå Gällivare kommune og hjå LKAB i Kiruna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]