Nils Olsson Villand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nils Olsson Villand (fødd 1717) var den tredje av sønene til Blank-Ola og Ragnhild Ellingsdotter Villand. Han budde på garden Noss i Ål, og er ofte hugsa som Nils Noss. Garden fekk han av Tolleiv Rikandsrud, søskenbarn av Blank-Ola.

Tingbøkene kan fortelja at han Nils var trettekjær og lett hamna i tvistemål med grannar. I 1745 vart han soleis stemna av grannen Klaus Noss for å ha brote husfreden. Det er meldt at broren Torkjell Olsson Villand førte saka for Nils den gongen. Tinget vart halde på Sundre. Seinare vart han og stemna inn av futen i Hallingdal for å ha gått laus på Ola Noss med eit grev, og skadd han i hovudet. Det er og meldt at det vart slagsmål på Noss julaftan 1748.

Segnene har ikkje teke fatt i desse hendingane, etterdi dei ikkje hadde nok av segnstoff i seg.

I dei store sinna blir det strid for striden si eiga skuld og ikkje for småtings skuld. Nils Villand hadde ingenting av denne stordomen i sinnet. Slagsmålsrogsterne hans lyfter seg ikkje på nokon måte opp over det vanlege, endå om han slo av armen på ein og skadde ein annan i hovudet med grev. (Reinton: Villandane).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Reinton: Villandane