Nils Pedersson Igland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Pedersson Igland
Fødd30. april 1833
Landvik kommune
Død25. april 1898 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Nils Pedersson Igland (30. april 183325. april 1898) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Landvik i Aust-Agder.

Far hans var gardbrukar på Igland, og han tok sjølv i si tid over farsgarden. Han var medlem av heradsstyret 1860-95, ordførar i 22 år. Vidare var han forlikskommissær i 18 år, amtsrevisor i 14 år og sparebankdirektør samt medhjelpar åt presten.

Igland representerte Nedenes amtStortinget 1868-73, 1877-79 og 1889-97. Både i 1868-69 og 1871-73 var han medlem av protokollkomiteen, medan han 1877-79 var medlem av budsjettkomiteen. Perioden 1889-97 var han medlem av Lagtinget, 1889-91 av valkomiteen, fullmaktskomiteen og vegkomiteen og 1892-97 av landbrukskomiteen.

Han døydde på garden sin i Landvik 1898.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Igland var innehavar av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]