Nils R. Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils R. Müller
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1921
Shanghai
Død

6. mars 2007 (86 år)
Oslo

Yrke filmregissør, manusforfattar
Ektefelle Bjørg Gaselle

Nils Helge Russel Müller (17. januar 19216. mars 2007) var ein norsk filmskapar og manusforfattar, fødd i Shanghai i Kina. Frå 1946 til -75 laga han 20 spelefilmar, ein lang dokumentarfilm og rundt 50 andre dokumentar- og oppdragsfilmar.

Müller debuterte som regissør i 1946 med Så møtes vi i morgen. I 1951 oppnådde han stor suksess med komedien Vi gifter oss. Av seinare filmar bør nemnast komedien Kvinnens plass frå 1956, Det store varpet og barnefilmen Petter fra Ruskøy, begge frå 1960. Tonny frå 1962 er ein film bygd på Jens Bjørneboe sin roman Den onde hyrde, ein film han vart tildelt prisen Sølvklumpen for. Året etter kom Elskere. I 1966 kom Broder Gabrielsen, ein film som vekte mykje mishag i lågkyrkjelege miljø. Min Marion frå 1976 var Müller sin siste spelefilm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Store norske leksikon