Nils Rekve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Rekve
Fødd1778
Død1846
Verka sommusikar

Nils Olavsson Rekve, 1778-1846, var ein vidgjeten spelemann frå Voss. Han var truleg den likaste spelemannen på dei kantar før Ola Mosafinn.

Nils var son av spelemannen Olav Rekve, og fekk mykje spel av far sin. Han var mykje på ferd som skreppekar og fehandlar, attåt virket som spelemann.

Nils var kjelde til mange slåttar, for det meste rullar og lausslåttar. Han hadde slikt eit gjetord at han vart oppsøkt av Knut Lurås, som meinte Nils var ovende god på gangar, men ikkje like god på springar. Rekve-spelet kom til å verke inn på spel-tradisjonen i Telemark gjennom Knut Lurås og seinare Myllarguten, som fekk rekveslåttane gjennom Luråsen. Ein slått etter Nils Rekve er arrangert av Edvard Grieg i op. 72, nedskriven av Johan Halvorsen etter Knut Dale.

Nils Rekve hadde støtt eit tal på sju faste læresveinar hjå seg. Mellom dei som lærde spel av han, kan ein rekne Lars Lofthus, Sjurd Liland, Anders Berge, Isak Rokne og Olav Håstabø.

Rekveen og Myllarguten[endre | endre wikiteksten]

Myllarguten møtte Nils Rekve på Voss på 1840-talet.

Myllaren var ut og ferdast, og kom eins ærend til Rekve. Nils stod ut-i tune og hoggi ved; daa saag han ein framand farre koma sluskande. Han baud "guddag", og spurde om det var Rekve, detta. De var de daa. So rødde dei att og fram. Rekveen spurde kvar den mannen var ifraa. Aa, han var a Austmann. Han hadde spurt her budde so overlag ein spelemann; dimed hadde han gaman for inn-om aa høyre. Han hadde høyrt Myllarguten au; so totte han moro høyre um Rekveen var likso god. Nils var i ulag, og svara muttin at han vilde ikkje. Men so lengi bad Myllaren, at dei gjekk daa inn. Der laag tvo felur paa veslebord. Rekveen spela daa, og Myllaren lydde; men han gat ikkje anten godt eller vondt, og det var fælt ørtelegt i grunnen, totte Nils. Han spela att, de beste han kunde, han spela ovgodt; men framandkaren sat berre humstra og rykte seg og flutte seg på stolen. "Kannhenda du spelar, du og?" sa Rekveen. "Aa eg, nei da, nei da! Eg kann ikkje stort. Lidt kann eg da; men d`e` jamngodt me` ingenting, dæ," sa Myllaren. Ja, meinte Rekveen, han fekk spela, no daa, som kunde. Myllaren kremta seg og tok fela; men ho var ikkje fin nok i stillingi, ikkje paa naame nære, totte han. So laut han stille um, han. De tok slik tid, at Rekveen sa trota der han sat. Men dimed strauk framandkaren upp med noko lokkande blaatonar, eit fyrispil som flaut i solskin reint, og snart rann de av ut-i ein slaatt. Og de gjekk slaatt i slaatt i rekkje og rad, bundne ihop, so dei liksom kom glade dansande og haldande kvarandre i hendane. Rekveen sat still, so still. Stirde på fele og fingrar, paa boge og spelemann. Heile karen dukka ned og hyfsa upp, hovude drog seg og drog seg til vinstre ledi, liksom han vilde lyde um tonane gjorde det dei skulde der inn-i; nei, so dangla de ned att imot bringa og liksom trøytna, de var naar kviletoki og lygnune kom i slaatten. Til slutt tok Nils til graaten. "Du er Møllarguten, du", sa han; og han tok fela av honom. Men etter dette møte var dei venir, og dei var venir jamt. (Rikard Berge: Myllarguten - Gibøen).

kjende Rekveslåttar[endre | endre wikiteksten]

  • Gangaren Tjønnbergen er ein gamal brureslått frå Hardanger, som og er kalla Rekveen. Fleire tradisjonsliner knytt til slåtten går tilbake til Nils Rekve.

Fire av springarane til Lars Rognved frå Haus i Nordhordland er Rekve-tradisjon. Alle er etter Magne Kleiveland som var elev av Nils. Slåttane er spela på nedstilt bass. Sjå Slåttar frå Nordhordland.

Mange av slåttane etter Sjurd Håstabø er etter Rekveen. Sjurd lærte dei av farbroren, Olav Håstabø. .