Nils Riddervold-Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Riddervold-Jensen
Nils Riddervold Jensen.jpg
Fødd 22. mars 1863
Oslo
Død

8. januar 1935
Nøtterøy

Nils Riddervold-Jensen (22. mars 18638. januar 1935) var ein norsk lærar og politikar for partiet Høgre. Han var statsråd 1920-21 i den fyrste Halvorsen-regjeringa.

Nils Riddervold-Jensen var fødd i Christiania som son av Peter Andreas Jensen. Han vart student i 1881 og tok teologisk embetseksamen i 1887. Same året byrja han som lærar ved Tønsberg kommunale middelskole. Der var han heile sitt yrkesaktive liv, siste tiåret, 1924-33, var han rektor. Frå 1898 var han medlem av Tønsberg bystyre i elleve samanhengande periodar til 1931. Han var medlem av formannskapet i fire periodar og varaordførar 1901-04.

Riddervold-Jensen sat på Stortinget i tre periodar, 1903-06, 1910-12 og 1916-18, som representant frå Tønsberg valkrins. I den fyrste og den siste perioden var han medlem av kyrkjekomiteen, i den mellomste var han nestformann i same. År 1905 var han medlem av den utvida budsjettkomiteen, 1910 av den utvida militærkomiteen. I 1911 fekk han plass i ein departemental komite som skulle arbeide for nærare samband mellom folkeskulen og middelskulen.

Riddervold-Jensen var statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Otto Bahr Halvorsen s fyrste regjering som sat frå 21. juni 1920 til 22. juni 1921, då ho leid nederlag i Stortinget i den såkalla skulekommisjonssaka.

Han var frimurar og ordførande meister i 'St. Johanneslogen St. Michael til det Lysende Kors' i Tønsberg. I 1921 vart han utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han var også innehavar av 7. juni-medaljen og 'Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905–1930'.

Han døydde på Nøtterøy i 1935.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmåswikipedia

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]