Nils Schumann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Schumann


Nils Schumann, i midten, i 2008

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 20. mai 1978 (45 år)
Bad Frankenhausen
Idrett 800 meter, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Sportler des Jahres

Nils Schumann (fødd 20. mai 1978) er ein tysk friidrettsutøvar frå Bad Frankenhausen i Thüringen som vart europameister på 800-meter i 1998 og olympisk meister i 2000 på same distansen. Han personbeste på distansen var 1.44,16, ein ordinær personleg rekord for ein internasjonal medaljevinnar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Schumann vann 800 m ved junior-EM 1997 i Ljubljana. Vinteren 1998 viste han sine framifrå spurteigenskapar då han sigra ved innadørs-EM 1998 i Valencia på tida 1.47,02, framfor nederlendaren Marko Koers og norske Vebjørn Rodal. Fem månader seinare sette Schumann personleg rekord med 1.44,89 då han vann gullmedaljen på 800 m under EM 1998 i Budapest.

800-metersfinalen i friidretts-VM 1999 i Sevilla gjekk i stort tempo, noko Schumann ikkje evna og han enda på sisteplass i feltet. Derimot passa det lågare tempoet i OL-finalen 2000 han langt betre. På OL-arenaen i Sydney spurta han forbi samtlege finalistar og kapra den olympiske gullmedaljen på distansen, seks hundredels sekund framom den største favoritten, kenyanaren Wilson Kipketer som representerte Danmark.

Ved friidretts-EM 2002 lukkast Schumann å vinne bronsemedaljen, slått av Wilson Kipketer og André Bucher. Tre veker etter europameisterskapen flytta han den personlege rekorden med seks hundredels sekund, til 1.44,16 i Brussel. Dei neste tre sesongane gjekk han skadd, og makta ikkje nå sitt tidlegare nivå då han gjorde comeback i 2006. Han la opp i 2009.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]