Nils Skandfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Skandfer
Fødd 13. juli 1870
Død

27. juni 1954 (83 år)

Nils Skandfer (13. juli 187027. juni 1954) var ein norsk båtbyggjar kjent for sine Skandferbåtar, ein variant av kuttarar. Skandfer var fødd og voks opp på Rensaa i Ibestad. Han gjekk i lære hos Colin Archer i Larvik, og hos Kristian Dekke ved Georgernes Verft i Bergen. Han kjøpte den gamle handelsstaden Kulstadsjøen i Vefsn, og starta og dreiv sitt eige båtbyggjeri, Skandfers baadbyggeri.

I dag er det berre fire eller fem av dei kring 300 fartøya konstruert av Skandfer som fortsatt flyt, alle av dei er kuttarar. Tre av desse båtane som han bygde, MK «Hermes II» (1917), MK «Faxen» (1916) og MK «Folkvang» (1911) er restaurerte. Bygderutebåten MK «Reidulf II» (1914) ligg i naudhamn på Hardanger fartøyvernsenter.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]