Nils Tjoflot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Tjoflot

Spelemannen Nils Ellingson Tjoflot, med den tredje fela si, ei samnangerfele. Tjoflot er her fotografert under den fyrste kappleiken som Vestmannalaget arrangerte i 1896
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. oktober 1865
Tjoflot
Død

11. juli 1898 (32 år)
Granvinsfjorden

Yrke musikar, felespelar
Språk norsk

Nils Ellingsson Tjoflot (13. oktober 186511. juli 1898) var ein norsk spelemann frå Tjoflot i Ullensvang i Hardanger.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Nils E. Tjoflot vart fødd på garden Ytrabødn på Tjoflot. Far hans var Elling Nilsson Tjoflot (1819-1870), og mor hans var Barbro Endresdtr. Folkedal frå Trones (1837-1905). Nils var einebarn i dette ekteskapet, og han vart farlaus då han var 5 år gamal. Det var ingen spelemenn i ætta frå før, men det var mange spelemenn på Tjoflot, og Nils fekk hug å prøva seg han òg. Fela fekk han då han var sju år gamal av mora si. Truleg var det Hans Eikanes som hadde laga fela. Eikanes var truleg også han som lærde Tjoflot opp i speling. Seinare gjekk han i lære hjå Olav Håstabø frå Løflaten i Kvanndal. Han var og i lære hjå Ola Mosafinn.

Nils Tjoflot var ein særs dyktig spelemann som var kjent i heile Hardanger og deltok på kappleikane til Vestmannalaget; den fyrste som vart arrangert i 1896, deretter den andre kappleiken i 1897. Ofte spela han til dans i bryllaup og andre samkomer rundt om i Hardangerfjorden. Han var ti år då han fyrste gongen spela i bryllaup. Han tok og på seg òg oppdrag med å spela for turistar som kom innom Hardangerfjorden. Folkeminnesamlaren Rikard Berge nemner Nils Tjoflot som ein av dei dyktigaste spelemennene i Hardanger i artikkelen «Spelemenner».[1]

Nils Tjoflot var medlem av Vestmannalaget med ei rekke andre spelemenn frå regionen.[2]

Omstenda kring dødsulykka[endre | endre wikiteksten]

Tjoflot omkom i eit forlis i 1898 berre 32 år gamal. Soga er slik; Sundag den 10. juli 1898 om ettermiddagen drog han med den spesialbygde seglbåten sin til Granvin. Han var ofte i Granvin der han hadde mange venner og kjenningar frå konfirmasjonstida, deriblant mange som spela fele. Både Severin Kjerland og Nils Nilsson Eida var beundrarar av Nils. Det var to menn til i båten, Endre Sjurson Kvammen og Jon Tjoflot. I Granvin skulle Nils Tjoflot spela på ein låvedans, og denne vara til langt på natt.

Det var morgon då dei tre skulle reisa attende med seglbåten til Tjoflot. Dei sette seg i båten. Nils sat framme med fela og Endre ved roret. Nils skal ha sagt: «Me sigle under det da norska flagget.»[3] Han drog opp rullen «Blåmannen» som han hadde lært av Håstabøen. Snart var dei langt ute i fjorden og tonane høyrdest ikkje lenger for dei som stod i land. Brått skjedde det, dei la opp ei vending opp mot vinden så båten vart liggjande bidevind over den andre baugen ved Røynstrandlandet. Båten la seg over og tok inn vatn; han hadde tung ballast, stein med grind over, og sokk på nokre augneblink. Det heile gjekk så fort at ingen på land forstod heilt kva som skjedde. Folk rodde ut straks, men det var ikkje noko å sjå då dei kom fram. Snart etter flaut fela og hatten til Nils opp og det var alt. Det vart stor sorg, Nils var ein populær kar som var kjent for arbeidsviljen, kunstnarsinnet og framferda si.

Felene hans Nils Tjoflot[endre | endre wikiteksten]

Nils Tjoflot hadde fleire feler i sitt virke som spelemann. Han bygde og sine eigne hardingfeler. I ei tid hadde han er fele frå Samnanger. Det er skreve ei bok om felene hans; Bjarne Ljones, Håvard Kvandal og Anders Kjerland: Felene hans Nils Tjoflot (Hardanger 1982-1983).[4].

Fela som flaut opp etter at Nils Tjoflot drukna om morgonen 11. juni 1898 vart vølt av felemakaren Knut Eilefson Steintjønndalen, som også hadde bygd fela. Fela vart like fin som før, men kanskje ikkje så god som då Nils hadde ho. For Nils var dette ei meisterfele. Fela er no utstilt på Hardanger FolkemuseumUtne som ligg på andre sida av Hardangerfjorden, tvers overfor Tjoflot.[5]

Musikkverk[endre | endre wikiteksten]

Det finst framleis slåttar, reinlendarar og valsar og meir etter Nils Tjoflot. Han var særs glad i runddansspel. I runddansspel er det rett å seie at han etablerte ei eiga Tjoflotlinje. Han hadde si eiga spelestil og måte å framføra materialet på som var godt likt av folk. Han lærde også opp fleire spelemenn i Hardanger, og formidla slåttar han i si tid hadde lærd av andre, men også sine eigne slåttar lærde han villig vekk.

Slåttar og valsar etter Nils Tjoflot vert framført også i dag, opptak vert spilt på feks norsk radio som Folkemusikktimen. Det er kjent om lag 20 valsar som er tatt vare på etter Nils Tjoflot. Mange av disse valsane er spela inn på band av spelemannen Anders Kjerland frå Granvin.  

Durspelaren Rannveig Djønne kom i 2008 med CD-en Spelferd heim - slåttar frå Hardanger og Voss, der ho framfører tre slåttar etter Nils Tjoflot; «Hamborgar etter Nils Tjoflot», «Reinlender - etter Nils Tjoflot», og den kjente «Ginavalsen», som han skreiv i kjærleikssorg då han fekk vita at jenta han hadde eit godt auga til vart trulova med ein annan.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Spelemenner» av Rikard Berge - Eit stykke frå "Norges Musikkhistorie" 1921
  2. Foto/Ukjent fotograf. «Gruppebilete, spelemenn i Vestmannalaget». Hardanger og Voss museum / Digitalt museum. Henta 28. mars 2018. 
  3. Haldor O. Opedal (1986). «Folk or gammal tid, Folkeminne ifrå Hardanger V». Øystese i Hardanger: Del II s. 122-132. 
  4. Ljones, Bjarne; Håvard Kvandal; Aanders Kjerland (1982). Felene hans Nils Tjoflot. Hardanger 1982-83. 
  5. Frank Henrik Rolland (6. oktober 2015). «Nils og Steintjønndalsfela». Folkemusikk. Henta 28. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]