Nils Trondsson Thune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nils Trondsen Thune)
Nils Trondsson Thune

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1835
Vang kommune
Død

29. desember 1879 (44 år)
Vang kommune

Yrke politikar, bonde
Språk norsk

Nils Trondsson Thune (11. august 183529. desember 1879) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Vang i Oppland. Helge N. Thune var sonen hans.

Thune tok over farsgarden Tune i 1855. Sidan var han gardbrukar der til han døydde. Han var medlem av heradsstyret i Vang frå 1862, og vart omgåande vald til ordførar. Dette ombodet hadde han til 1877, same året som han trekte seg frå forlikskommisjonen etter sju års teneste.

Thune representerte Kristians amtStortinget 1871-76. Åra 1871-74 var han medlem av justiskomite nr 2, 1875-76 av justiskomiteen. Thune vart hausten 1879 vald til 2. representant til Stortinget frå valkrinsen sin. Før året var omme, døydde han på garden sin i Vang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]