Nils Tveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Tveit
Fødd8. januar 1876
Os
Død13. juli 1949 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Nils Ananiasson Tveit (8. januar 187613. juli 1949) var ein norsk gardbrukar, politikar og lokalhistorikar frå Os i Hordaland. Han var ordførar i Os frå 1916 til 1940 og på ny i 1945. I perioden 1945-49 var han stortingsrepresentant for Hordaland og partiet Venstre.

Tveit var son til ein gardbrukar. Etter å ha gått Nordhordland amtsskule vinteren 1890/91 arbeidde han ei tid som rosemålar, før han seinare livnærte seg som likningssekretær, tilsynsmann for Rikstrygdeverket og bankrevisor. I 1911 tok Tveit over farsgarden og dreiv denne til han døydde i 1949. I perioden 1940–47 var han fylkesforsyningssjef for Hordaland.

Tveit var ordførar i Os frå 1916 til 1940, og hadde sete i fylkestinget frå 1928 til -40. Valbolken 1932–34 var han leiar for fylkestinget, i tre andre valperiodar var han nestleiar. I 1940 vart han fjerna frå ordførarombodet av nazi-styresmaktene. Då verdskrigen var over vart han sett inn att i ordførarposten. Hausten 1945 vart han vald inn på Stortinget for Venstre. Han døydde heilt på tampen av fireårsperioden. I same perioden var Tveit med i Venstre sitt landsstyre.

Tveit var aktiv i Det frivillige skyttervesen i årevis, med tillitsverv både lokalt, regionalt og nasjonalt. Han fekk Norges skytterstyres fortenestemedalje i gull i 1925. Elles sysla han mykje med lokalhistorie og gav ut bygdeboka Os i tre band i tida 1932-41, Os privatbank 1888-1938 som kom til femtiårsjubileet for banken, samt Meieribruket i Hordaland (1949).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]