Nils Utsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Utsi
Fødd22. juli 1943
FødestadTana
Død1. januar 2019 (75 år)
DødsstadTana
FødenamnNils Reidar Utsi
Aktive år1968–2017
Verka somskodespelar, filmregissør
PrisarFinnmark fylkes kulturpris

Nils Reidar Utsi (22. juli 19431. januar 2019)[1] var ein norsk samisk skodespelar, dramatikar og teaterinstruktør frå Tana i Finnmark.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Utsi var fødd i Tana. Etter gymnas i Finnmark tok Nils Utsi skodespelarutdanning ved Statens Teaterskole i Oslo, der han kom inn i 1964 som den fyrste samiske studenten.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter skulen blei han tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen der han var i tre år frå 1968 til 1971. Han var deretter med på å starta Hålogaland Teater hausten 1971. Dette var det fyrste profesjonelle teateret i Nord-Noreg, og det fyrste regionteateret i Noreg. Utsi var ein av dei kunstnariske drivkreftene ved teateret og deltok i alle produksjonane dei første åra. Dette var ofte oppsettingar som tok utgangspunkt i regional kultur og politikk, mellom anna historia til arbeidarrørsla i Nord-Noreg.

Utsi gjesta seinare Hålogaland Teater (HT) ved opninga av kulturhuset i Tromsø 1983 med Petter Dass, der han hadde hovudrolla, og igjen ved HT sitt 25-årsjubileum i 1996, der han hadde hovudrolla i Postmannen fra Arles. Også ved opninga av det nye teaterhuset til HT i 2005 gjesta Utsi i ei rolle i Benoni og Rosa.

Nils Utsi blei kjend i større delar av Noreg gjennom rolla som faren til sameguten Ante i barne-TV-serien med same namn. Serien blei send på NRK for fyrste gong i 1976 og 1977, og Utsi var personinstruktør for dei samiske medverkande. I den fyrste samiske spelefilmen Ofelaš/Veiviseren (1987), i regi av Nils Gaup, hadde han ei sentral rolle. Filmen blei oscarnominert. I den neste, Bázo frå 2003, hadde han òg ei rolle. Nils Utsi var òg med i Gaup-filmen Kautokeino-opprøret frå 2008. I 2009 spelte han i filmen Jernanger regissert av Pål Jackman. Han deltok i ei lang rekke kortfilmar, mellom anna i samarbeid med Nordland kunst- og filmfagskule.

I 1997 hadde Nils Utsi hovudrolla i Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg i ein samisk versjon, Jeagge Jussa, produsert av Beaivvás Sámi Teáhter i Kautokeino. I 2004 var han instruktør for skodespelet Stein i lomma (Stones in his Pockets) ved same teater. I 2012 hadde han ei sentral rolle i ungdomsserien Hjerterått (regissert av Nils Gaup) på NRK. I 2014 var han ved Stockholms Svenska Riksteatern i När vinterns stjärnor lyser här.

Under Alta-konflikten blei Utsi fjerna frå Stilla tre gonger, og var den fyrste personen av fleire som vart stilt for retten for demonstrasjonen.[2]

Teaterarbeid (utval)[endre | endre wikiteksten]

Ved Den Nationale Scene i Bergen[endre | endre wikiteksten]

Ved Hålogaland Teater[endre | endre wikiteksten]

Ved Beaivváš Sámi Našunálateáhter[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: Jeagge Jussá (Jeppe på Bjerget) av Ludvig Holberg
  • 2000: Eatni váibmu vardá (En mors hjerte blør) av Nils Utsi
  • 2004: Regi på Lummaid dievva geađggit (Stein i lomma)

Ved Ice Globe Theater[endre | endre wikiteksten]

Filmroller[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Under en steinhimmel
  • 1975: Ante – også personregi
  • 1980: La elva leve!
  • 1980: Svart hav – også manus
  • 1983: Jon
  • 1986: Nattseilere
  • 1987: Veiviseren (Ofelaš)
  • 1992: Den femtonde hövdingen
  • 2003: Bázo
  • 2008: Kautokeino-opprøret
  • 2009: Jernanger
  • 2009: Polmak i Tana
  • 2010: Robert Mitchum est mort
  • 2011: Dunderland
  • 2011: Skumringslandet
  • 2012: Hjerterått
  • 2013: Bonki
  • 2017: Den 12. mann
  • 2019: Askeladden – i Soria Moria slott

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dødsannonse Nils Reidar Utsi», vadso-begravelse.vareminnesider.no (på norsk bokmål), henta 19. mai 2022 
  2. 2,0 2,1 Verstad, Anders Boine (1. januar 2019). «Skuespiller Nils R. Utsi er død» (på norsk bokmål). Henta 2. januar 2019.